Nyhendebrev Januar 2021
It all begins with an idea.
Oppstart av strategiarbeid for å sette ein ny strategiplan for HFF
Medlemmer frå styret, administrasjonen og faggruppene har no starta arbeidet med å lage ein ny strategiplan for Hardanger Fjordfrukt. Dette arbeidet vil pågå fram til April 2021.
Gruppa si oppgåve er å lage ein klar strategi for bedrifta og næringa med mål, visjonar og handlingsplan som også skal vera eit arbeidsverktøy for styret og administrasjonen de neste åra.
Arbeidsgruppa består av: Kjetil Lerfall, Torbjørg Austrud, Liv Sollesnes, Tomas Hesthamar og Odd Åge Helvik.
Etablering av faggrupper
Før jul fekk vi etablert og starta opp igjen faggruppene for kvar kultur.
Vi hadde vårt første møte 07.12. 2020
Gruppenen består av følgande personar.
Morelle gruppa
Tomas Hesthamar (leiar)
Torgils Jåstad
Olav Bleie
Eple gruppa
Jørund Olav Grønsnes (leiar)
Øystein Utne
Tor Hesthamar
Plomme gruppa
Steinar Langesæter (leiar)
Jan Ove Nes
Josten Ulgenes.
Faggruppene sitt mandat og instruks er:
1. Lage prognoser for volum i sin kultur
2. Ressurs og støttefunksjon for administrasjon i faglig råd og tiltak for bedre kvalitet innen kulturen.
3. Utvikling av kultur – volummål – kvalitet og markedsmuligheter
4. Tar tak i faglige utfordringer og økt kontakt mellom rådgivning og produsent.
5. Bidra til økt samarbeids mellom produsenter inne kulturen, fagmøter, tematurer.
Gruppene jobbar no med ein kortsiktig og langsiktig plan for kvar gruppe. Vi vil komme tilbake til dykk med ytterligere informasjon om dette når alt er klart.
Forberedelse til kommende sesong
I skrivende stund jobber Høyer Odda og Bergen Bygg System med å lydisolere den nye pakkesalen vår. I tillegg skal vi lydisolere eit område i det nye bygget med ULO lager og i rommet ved den nye kassevaskaren.
Dette vil forbedre arbeidsmiljøet i våre lokaler og dempe lydstøyen som er frå maskinane når vi pakkar frukt. I tillegg hjelper det på å arbeidsmiljøe i salen då det vert lysare og reinare.
Arbeidet skal etter planen være ferdig i neste veka.
Besøk og møte med Ullensvang Kommune
17.02.2010 får vi besøk av ordføraren, næringssjefen og landbrukssjefen hjå oss på Utne for eit felles møte med de 3 fruktlagera i Hardanger.
Det er fruktlagea som har invitert kommunen for eit møte der vi ynskjer å skape ein dialog mellom næringa og kommunen og sørge for at dei blir godt informert om det som skjer i fruktnæringa.
Vi vil fokusere på fruktnæringa si framtid, marked, utfordingar og kva vi forventar frå kommunen inn mot vår næring.
Vi synes det er veldig positivt at alle tre frå kommunen vil møte oss og vi ser fram til eit kontruktivt møte.
Vi vil koma ut med meir info til dykk etter møtet.
Ny heimesida
Som de sikkert har fått med dykk så har vi fått på plass ei ny heimesida for Hardanger Fjordfrukt SA.
Vi håpar at dette er ei sida som dykk produsentar vil bruka aktivt, der vi vil sørge for å halde sida oppdatert med informasjon og fagstoff til dykk som våre produsentar.
Vi sjølve synes at side er blitt veldig bra, men vil gjerne at dykk sender oss forslag til forbetringar og forslag til evt fagstoff dykk vil at vi skal fokusera på.
Side er ikkje 100% ferdig ennå, derfor ligg det litt tekst som ikkje heilt stemmer til tema på kvar side. Dette blir oppdatert dei nærmaste dagane.
Fruktlageret på Jåstad
Som ein del av at vi no har større lagerkapasitet på Utne og at vi skal gjere kostnadskutt i selskapet har vi å avslutte leigeavtalen på Jåstad. Avtalen går ut denne månaden og vi har brukt denne veka til å rydde ut.
Vi kommer til å legge opp til ei anna innhentingsrute for årets sesong for dei av våre produsentar som tidlegare har brukt Jåstad, som er no under planlegging. For de av våre produsentar som blir råka av dette vil vi ta kontakt med for å snakke om kva alternativ som er best for dykk.
Vi på fruktlageret ynskjer dykk alle ei fin helg.
Med venleg helsing
Odd Åge Helvik
Dagleg Leiar
Hardanger Fjordfrukt
Mob: 40 44 47 66
E-post: odd.age@fjordfrukt.no
Web: www.fjordfrukt.no