Me hentar inn pærene frå produsentane våre, deretter veges og tas dei inn på lager for nedkjøling. Kvaliteten på varene blir vurdert. Når pærene skal sorterast vert storkassen senka ned i vatn, og pærene flyt inn i maskina. Kvaliteten blir vurdert manuelt, før kamerateknologi vurderer fastleik, storleik og farge. Etter sortering blir pærene pakka i forbrukaremballasje og gjort klar for transport vidare. Bama henter varene og sørger for at dei endar opp i ein butikk nær deg.
Pærene
Smaker best når dei er modne og kan lett ettermodnast i romtemperatur viss den er for hard. Pære passar godt som eit mellommåltid eller saman med ost. Pære kan også brukast i fruktsalat, i bakverk, dessertar, paiar eller hermetiserast. Lagres på 1-2 grader. Er fintmerkande for etylen og må ikkje lagrast saman med epler eller andre frukter som utskiller etylen.